For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred. Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han. Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på? Helene begynner å grave i saka. Snart finn ho seg sjølv midt i eit ope sår, med menneske rundt seg som kan gå langt for å forteie sanninga. Samtidig drøymer den unge og naive Connie om eit betre liv, helst i det ærverdige Dokterhuset, under vengen til den godt vaksne Stella. Men er dette rette plassen for henne og barnet som veks i magen? Det viser seg snart at huset rommar løyndommar og ein historie som ikkje burde vekkast til live. Og er beina på holmen så gamle som ein først trudde?

299,-
Sendes umiddelbart
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett. Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.
Laura Djupvik (f. 1970) kjem ifrå Gurskøy på Sunnmøre. Ho har bakgrunn som journalist ogsom forlagsredaktør, og har tidlegare skrive bøker for barn og vaksne, til god mottaking. Nattbarneter hennar debut som krimforfattar.
Produktinformasjon
Innbinding: Lydbok
Utgivelsesår: 2025
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202892654
Kategori: Krim/spenning, Norsk skjønnlitteratur for voksne, Norsk skjønnlitteratur for voksne, Krim og spenning