Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og skriv bøker for både vaksne og ungdom. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen. Hans førebels siste utgjeving er romanen Svart skissebok (2025).
Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, gjer seg klare til å bu saman i nett dette huset, nett denne vinteren.
Dikta i Kverv er klåre og reine, prega av ein stor kjærleik til menneske og natur, ei undring over og beundring av det som omgjev oss.