(...) I all dens nøkterne saklighet er dette like fullt en sterk og gripende bok, mye på grunn av sakens ubegripelig brutale og meningsløse karakter, men altså også takket være godt forfatterhåndverk og edruelig journalistikk. Hilde Mois fortløpende fremstilling av hendelsene, saken, savnet og sorgen er klok og etterrettelig, varsom, hensynsfull og velfundert. Alt henger sammen, ingen hendelser er isolerte tildragelser som finner sted i et vakuum, og Hilde Moi har et utmerket journalistisk grep om alle trådene i det hele.
«Savnet i Baneheia - Drapene som rystet Norge» har blitt ein gjennomarbeidd dokumentar om ei grufull ugjerning, og konsekvensane ho hadde for ei lang rekke enkeltmenneske, nær familie, lokalsamfunn og - for den saks skuld - det norske samfunnet. Utan sentimentalitet og føleri har Hilde Moi - etter det som må ha vore eit tidkrevjande researcharbeid - samla trådane og på ein nøktern måte referert det som skjedde frå time til time, seinare frå dag til dag, veke til veke, år til år.
Språket flyt lett og presist. For vel ei veke sidan las eg 3096 dager, der Natascha Kampusch fortel om dei vel åtte åra - frå ho var 10 til ho var 18 - som fange hos psykopaten Wolfgang Priklopil. Den gjorde eit utruleg sterkt inntrykk. Men eg kjende ikkje på noko tidspunkt at augo rann fulle av tårer. Det skjedde eit par gonger medan eg las boka til Hilde Moi - for første gong på mange år.